engelsk.png polsk.png litauisk.png syria.png persisk_afghansk.png persisk_iransk.png somalisk.png (1) tigrinja_etiopisk.png tigrinja_eritreisk.png ukrainsk.png fr.png drk.png ke.png sudan.png

Personverninformasjon

 

Personverninformasjon

 

Denne personverninformasjonen handlar om korleis Hallingdal Renovasjon IKS (HR) samlar inn og nyttar persondata, og kva rettar du som privatperson har.

 

Ansvar

HR ved dagleg leiar er ansvarleg for korleis verksemda behandlar persondata.

 

HR har databehandlaravtale med sine leverandørar. Desse regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang på og korleis han skal bli behandla. Avtalene skal ivareta personopplysningsloven og sikre at praksis for behandling av persondata er i tråd med Datatilsynet sine anbefalingar. HR vil ikkje dele, selge, overføre eller på annan møte utlevere persondata til tredjepartar, med mindre me er rettsleg forplikta til dette.

 

Informasjonskapslar (cookies) og innsamling av statistikk på www.hallingdalrenovasjon.no

Informasjonskapslar (cookies) er små midlertidige filar som blir lagra på eininga di (t.d. pc eller mobiltelefon) når du besøker ei nettside som nyttar kapslar.

 

Informasjonskapslane sørger for at nettsida fungerer best mogleg. Dei lagrar ingen personleg eller identifiserande informasjon. Det vil seie at dei ikkje kan identifisere deg som person.

 

HR nyttar informasjonskapslar for å kunne analysere det generelle brukarmønsteret. Formålet er å vidareutvikle www.hallingdalrenovasjon.no til å bli eit mest mogleg brukarvenleg nettstad.

 

HR nyttar analyseverktøyet Google Analytics på nettsidene våre. Formålet er å utarbeide statistikk som me nyttar til å sikre kvaliteten og gi ei mest mogleg brukarvenleg nettside. IP-adressa til alle besøkande på nettsida blir maskert.

 

Det er mogleg å hindre at informasjonskapslar lagrast ved å endre innstillingane i nettlesaren. Informasjon om korleis du gjer dette bør vera tilgjengeleg i Hjelp-funksjonen på nettlesaren du nyttar.

 

Me gjer merksam på at endring av innstillingane for informasjonskapslar kan føre til at www.hallingdalrenovasjon.no ikkje fungerer optimalt.

 

E-post og telefon

HR nyttar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet for å oppfylle våre lovpålagte oppgåver etter personopplysningsloven, forurensningloven og forvaltningsloven. All kundekontakt om renovasjon vidareformidlast internt i HR, og behandlast i systemet ISY ProAktiv om nødvendig. Relevante opplysningar som kjem fram gjennom telefonsamtaler og e-post-utvekslingar som vurderast som saksbehandling registrerast i ISY ProAktiv og arkiverast om nødvendig.

 

E-postar som sendast til HR er ikkje kryptert. Me oppmodar derfor om ikkje å sende taushetsbelagt, sensitiv eller annan fortruleg informasjon via e-post.

 

Alle opplysningar du sender til oss vil vera tilgjengeleg for saksbehandlarar i HR og nyttast til saken sitt opprinnelege formål. Avslutta sakar som vurderast arkivpliktig vil vera tilgjengeleg i HR sitt arkivsystem.

 

Persondata i kundesystemet vårt

HR nyttar ISY ProAktiv som kundesystem for alle hushaldnings- og næringskundar, samt KomTek for å hente inn nødvendig informasjon frå eigarkommunane våre. Her ligg det persondata HR er avhengig av for å oppfylle oppgåvene me er lovpålagt etter forurensningsloven.

 

Kameraovervaking

På enkelte av HR sine eigedommar og returpunkt i eigarkommunane er det utplassert overvakingskamera. Desse er skilta i samsvar med personopplysningsloven.

 

Desse er i bruk for å sikre områda mot innbrot, tjuveri, brann og andre sikkerheitsbrot. Kameraa overvakast av HR. Opptaka slettast når det ikkje er sakleg grunn til å ta vare på dei lengre, og seinast innan 7 dagar.

 

Persondata om tilsette

HR behandlar persondata om sine tilsette. Dette er beskrive i interne prosedyrar.

 

Dine rettar

HR har oversikt over alle system som inneheldt persondata. I samsvar med personopplysningsloven er HMS- og kvalitetsleiar i HR utpeikt som personvernombod/personvernrådgjevar.

 

Du kan kontakte HR og be om å få oversikt over kva persondata me har om deg, kva det brukast til, og kvar det er innhenta frå. Du har rett på svar innan 30 dagar. Dette er gratis. Grunna sikkerheit kan ikkje desse opplysingane sendast til deg via e-post. Du vil derfor motta dette i posten.

 

Du kan krevje at unødvendige persondata om deg blir sperra eller sletta. Du kan òg be HR om å korrigere persondata om det viser seg at dei er unøyaktige eller utdaterte. HR kan sperre eller slette opplysningar som ikkje er nødvendige for formålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom HR er lovforplikta til å ta vare opplysingane gjennom til dømes regnskapsloven eller arkivloven.

 

Dersom du har spørsmål om behandling av persondata, ber me deg ta kontakt på firmapost@hallingdalrenovasjon.no