engelsk.png polsk.png litauisk.png arabisk.png persisk_afghansk.png persisk_iransk.png somalisk.png (1) tigrinja_etiopisk.png tigrinja_eritreisk.png

Ledig stilling

Hallingdal er knutepunktet mellom øst og vest i Sør-Norge og er en av Norges største reiselivsregioner, med ca 20.000 fastboende og nær 23.000 hytter. Hallingdal Renovasjon IKS skal først og fremst sørge for helhetlig og god renovasjon i kommunene Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes, Flå og Krødsherad. Vi sørger for at innbyggere, hyttehallinger og turister har fokus på miljø og trivsel, i samarbeid med kommunene. Selskapet ble etablert i 1980. 

 

Da ein av våre medarbeidarar ynskjer å gå av med pensjon våren 2021 etter 35 år i bedrifta og me har no ledig stilling som

Operatør Forbrenningsanlegg

Stillinga er ved avfallsforbrenningsanlegget som køyrer 24/7/365, kor operatørar arbeider døgnkontinuerlege skift.
Hovudfunksjonen er å sikra effektiv og rasjonell drift av forbrenningsanlegget.

Den som blir tilsett må rekne med overtidsarbeid i forbindelse med vedlikehaldsstopp/ revisjonar. Det same gjelder arbeide på helg-/heilagdagar etter skiftplan eller i forbindelse med vakt/utkalling.

Det vil bli gjeven opplæring både som operatør og reparatør, då operatørar også må være forberedt på å utføre reparasjonar på anlegget og delta ved planlagt vedlikehald.

Fagretning innan mekanikarfag (bil, industri, automasjon, eller liknande). Viktige kunnskapsområde er forbrenningsteknikk, hydraulikk/pneumatikk, lager, elektromotorar, pumper og sveising. Bedrifta/avdelinga er godkjent lærebedrift i Kjemiprosessfaget (Operatør) og Industrimekanikarfaget (Reparatør).

Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg, minimum nivå B1.

Det er ønskeleg med truckførarsertifikat og kjelepassarsertifikat.

Stillinga krev god evne til å arbeide sjølvstendig (åleine vakt) og systematisk.

Arbeidsstad er i Kleivi næringspark i Ål kommune.

Opplæring vil bli gitt av arbeidsgjevar, herunder nødvendige kurs.

Løn etter HR sine retningslinjer. Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Hallingdal Renovasjon IKS er ei IA bedrift.

Søknad med CV skal sendast til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi næringspark 31, 3570 Ål alternativt til firmapost@hallingdalrenovasjon.no .
Merk: Søknad om stilling som Operatør.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftsleiar forbrenning, Olaf Nyheim tlf. 32 08 61 17 eller e-post olaf@hallingdalrenovasjon.no

 

Søknadsfrist 21. september 2020