engelsk.png polsk.png litauisk.png arabisk.png persisk_afghansk.png persisk_iransk.png somalisk.png (1) tigrinja_etiopisk.png tigrinja_eritreisk.png ukrainsk.png fr.png drk.png ke.png

Spørsmål og svar - færre og større

Vil «mitt» returpunkt bli borte eller utvikla vidare?
Det er for tidleg å seie endeleg kva returpunkt som blir vidareutvikla og kva returpunkt som blir avvikla, sidan dette er ein prosess som går over tid i samarbeid mellom kommunane og Hallingdal Renovasjon.
Blir renovasjonsgebyret lågare når returpunktet blir lengre borte?
Renovasjonsgebyret blir neppe lågare i åra som kjem. Det er stadig strengare krav som krev ressursar å få på plass. Færre og større er eit prosjekt som blir gjennomført for å vera i samsvar med desse krava. For at me skal forhindre at renovasjonsavgifta blir for høg er det derfor bestemt at det skal vera færre returpunkt. Alternativet er mykje høgare renovasjonsgebyr grunna meir oppbygging av returpunkt og meir køyring i samband med tømming og rydding (fleire tilsette og bilar).
Kvifor kan ein ikkje levere glas-/metallemballasje, papir og pappemballasje, plastemballasje og matavfall på returpunkt?
Enkelte returpunkt har kjeldesortering for glas-/metallemballasje og papir og pappemballasje i dag, men dessverre ikkje alle. Når Færre og større er ferdig vil alle returpunkt ha kjeldesortering av desse avfallstypene.
Kvifor kan ein ikkje levere farleg avfall, papp og større gjenstandar på returpunkt?
I Hallingdal og Krødsherad har ein godt tilbod på lokale avfallsmottak, der ein kan levere slikt avfall gratis som abonnent. For å forhindre forureining og brann er det ikkje forsvarleg at farleg avfall blir sett på returpunkt. Papp er det svært plasskrevande å ha oppsamlingseiningar for og dette vil føre til hyppig tømming. (Komprimator for papp er veldig dyrt, og derfor ikkje aktuelt). Større gjenstandar kan ikkje leverast på returpunkt fordi det meste ikkje er egna for transport i komprimatorbil, som me tømmer på returpunkt med. I tillegg går restavfallet frå returpunkt direkte i avfallsomnen i Kleivi, og større gjenstandar kan føre til overutslepp av miljøgassar og i verste fall stopp av forbrenningsanlegget for reparasjonar. Om me skulle sortert avfallet før forbrenning vil det medføre ekstra kostnadar.
Kvifor er det så små innkastluker på oppsamlingseiningane?
For store gjenstandar i avfallet kan føre til problem på komprimatorbilane, som tømmer einingane, og i avfallsomnen. Store luker fører dessverre til at nokon nyttar returpunktet til avfall som skal leverast på lokale avfallsmottak for annan handtering.
Kvifor opplever eg at det står avfall utanfor oppsamlingseiningane eller avfall rundt på returpunktet?
I høgtider rekk me dessverre ikkje alltid å tømme oppsamlingseiningane ofte nok. Dette gjeld særleg på utfartsdagar frå hyttefelt. Bruk av hytter er utfordrande å forutsjå, men renovatørane stiller oppe i alle høgtider for å jobbe ekstra for å unngå at nettopp dette skal skje. Eit større problem er at enkelte sett avfall utanfor oppsamlingseiningane fordi dei ikkje får plass til avfallet eller fordi dei trur det er fullt. Vår oppmoding er derfor at for stort avfall blir levert til lokale avfallsmottak, og at ein sjekkar alle oppsamlingseiningane for plass. Det er aldri akseptabelt å sette avfall utanfor oppsamlingseiningane, sidan dette fører til forureining. Me køyrer jamleg oppryddingsrundar på alle returpunkta, men klarer ikkje alltid å rydde fort nok.
Kvifor kan ikkje me på henteordning levere avfall på returpunkt?
Om du ikkje har plass til avfallet ditt i dunkane, så kan du levere dette avfallet gratis på lokale avfallsmottak. Du skal ikkje nytte returpunkt fordi kapasiteten og hentefrekvensen på returpunkta er basert på dei abonnentane som er på bringeordning.
Kvifor kan ikkje me næringsdrivande levere avfall på returpunkt?
Alle næringsdrivande skal betale for avfallet dei leverer til Hallingdal Renovasjon, sidan dei ikkje betaler eit renovasjonsgebyr. Ved næringskontroll kan kommunen kreve innsyn i avfallsmengde levert til godkjent mottak. Då må ein kunne vise kvittering for levering til Hallingdal Renovasjon (eller annan godkjend mottakar).
Korleis meiner de at eg skal koma meg til returpunktet når eg ikkje har tilgang på bil, og returpunktet blir lengre borte?
Me har prøvd å ta omsyn til at alle skal få tilgang til eit returpunkt innan rimeleg avstand. Plasseringa er stort sett på hovudfartsårer ut av området eller på veg mot sentrum. Dei fleste treng å handle mat, og ein vil då ha moglegheiten til å kaste avfall på same turen. Sjølvsagt vil det vera unntak frå dette, og vil då oppmode om at du tek kontakt med oss på telefon eller e-post, slik at me kan finne ei løysing.
Korleis er det meininga at eg skal få med meg matavfall i ein pose frå hytta til returpunktet?
Me har prøvd å finne den best egna ordninga for matavfall. Det er lite erfaring med innsamling av matavfall frå returpunkt, men etter vår meining er dette den beste løysinga. Det er mogleg å kjøpe behaldarar ein kan ha matavfallsposen i på veg frå hytta til returpunktet, og som forhindrar at ein får søl i bilen. Pr. i dag er det vårt beste tips for å løyse dette. Men om me finn alternative løysingar vil me dele desse på vår facebook-side.
Kvifor er det ikkje berre restavfallscontainer på returpunkta?
Det er to årsakar til at det er slik. 1. Fleire av våre abonnentar etterlyser moglegheiten til å kjeldesortere meir avfall. 2. I 2018 vedtok EU eit nytt avfallrammedirektiv. Norge er forplikta til å følgje dette direktivet, og jobbar med å få på plass i ei forskrift som vil dekke krava i direktivet. Denne forskrifta burde vera på plass i 2020. I dette direktivet blir det stilt krav om at 55 % av alt hushaldavfall og liknande næringsavfall skal materialgjenvinnast innan 2025, 60 % innan 2030 og 65 % innan 2035. Vidare skal 65 % av emballasjeavfall materialgjenvinnast innan 2025, og 70 % innan 2030. Vidare krev EU at det skal vera kjeldesortering av papir, metall, plast og glas, og innan 2025 – tekstil. Matavfall skal sorterast ut innan 2023 og farleg avfall innan 2025. Hallingdal Renovasjon har system på plass for å handtere mykje av det me forventar at forskrifta vil krevje, men for å koma heil i mål må me utvikle tilbodet om kjeldesortering vidare: Innsamling av matavfall frå alle fastbuande og fritidsbustader, og innsamling av plast, glas/metall og papir frå alle fritidsbustader. Derfor må me tilby kjeldesortering av alle avfallstyper til alle våre abonnentar.