![]() |
||||
|
|
RenovatørerVi søker deg som har lyst til å arbeide i ei av dei viktigaste sørvisbedriftene i regionen.
Vi skal tilsette 3-4 personar til å betjene bilar innan container- og sekkerenovasjon. Arbeidsområde vert Hallingdal og Krødsherad. For å tilrettelegge rotasjon på dei ulike arbeidsoppgåvene på bilar i sekkeruter har vi som målsetting at alle renovatørane skal ha førarkort klasse C, samt relevant erfaring frå transportarbeid og/eller renovasjons bransjen. Lokalkunnskap er ein fordel. Sørvis er eit satsingsområde for oss og vi ynskjer oss kolleger som har evna til å møte kundane på ein positiv måte. Ekstraarbeid i høgtider må påreknast for å innfri forventningane frå fastbuande, turistar, bedrifter og kommunene. Arbeidet er prega av høgt tempo og tunge løft og dei vi skal tilsette må ha stor arbeidskapasitet og god fysisk form. Vi tilbyr moderne renovasjonsbilar med gode fasilitetar. Tryggleik for medarbeidarar, publikum, omgivelsar og utstyr skal ha topp prioritet og vi søker personar med god risikoforståelse og sterk ansvarskjensle for bil og utstyr. Gode samarbeidsevner og seriøs innstilling til bilvedlikehold blir vektlagt. Kommunikasjon med køyrekontor skal foregå via bil-computer og renovatørane må beherske norsk skriftleg og muntleg. Arbeidsmiljøet vårt er mannsdominert og vi oppmodar kvinner til å søke arbeid hos oss. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Tiltredelse mai-juni 2012. Løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Bedriftshelseteneste. Hallingdal Renovasjon er IA bedrift. Søknad med CV og attestar samt oversikt over referansepersonar med tlf. nr. skal sendast til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi, 3570 Ål alternativt til post@hallingdalrenovasjon.no. Merk: Søknad om stilling. Nærare informasjon får du ved å kontakte Logistikkleiar Helge Svarstad, tlf. 32086115/ 91775263, evt. epost helge@hallingdalrenovasjon.no. Søknadsfrist Fredag 16. mars 2012. |
|||
| Publisert med WideCMS 4 | ||||